Vi foretar gratis befaring og gjev uforpliktande pristilbod.
glassverksted - rammeverkstad - nøkkelsliping - lås- og beslagsløysing
Kontakt ossSOMMAR KAMPANJE
PÅ SOLSKJERMING
%20(3).png)
Kampanjen gjeld alle typar rullegardiner:
🔹Manuell eller motorisert.
🔹Duo Rullegardin
🔹Rullegardin for Velux-takvindu
Fås i mange variantar
🔹Lystransmitterande og mørkleggande
🔹Ulike komponentfargar, kvit, aluminium, antracit, beige, svart og brun
🔹Inntil 360cm bredde
🔹Inntil 400cm høgde
Kampanjen gjeld fram til 31. juli, ta kontakt for eit uforpliktande tilbod.

Sørstrandsvegen 8, Sandane
Vi har ikkje faste åpningstider, men ønskjer å vere tilgjengelig for deg. Ta kontakt på telefon, så avtalar vi tid og er til stades når du kjem!
Kva kan vi hjelpe deg med?
Uavhengig av om du planlegg eit lite eller stort prosjekt, er glass eit sentralt element som kan endre rom og betre livskvaliteten!
Her viser vi bilete frå ulike oppdrag vi har utført.
Kontakt oss
Glass-Sikring AS er din lokale ekspert på glassarbeid.
Glass-Sikring AS vart etablert i 1999 og har sidan då opparbeidd seg solid erfaring innan glassfaget. I 2021 fekk selskapet ny eigar, men held fram med å tilby dei same kvalitetsløysingane som før. Vi har fokus på kvalitet og leverer skreddarsydde løysingar for både små og store prosjekt, tilpassa dine behov innan tryggleik, komfort og estetikk.
Vår hovudkompetanse ligg i glassrelatert arbeid, der vi tilbyr eit brett spekter av tjenester. I tillegg leverer vi løysingar innan vindauge og dører, glassrekkverk, vinterhagar, solskjerming, lås og beslag, dørautomatikk og bildeinnramming m.m.
Glass-Sikring AS er ein del av Glassfagkjeden. Vi har avtalar med dei fleste store forsikringsselskapa i Noreg.
Les meir om Glassfagkjeden her.
I 2024 blei vi sertifiserte som Miljøfyrtårn – eit tydeleg bevis på at vi tek miljøansvar på alvor.
Les meir om Miljøfyrtårn her.
Med base på Sandane betjener vi primært Nordfjord-området, men tek òg oppdrag i Sogn, Sunnfjord og på Søre Sunnmøre. Vi er opptatt av å levere førsteklasses service og byggje gode relasjonar til kundane våre. Målet vårt er alltid å sikre at kundane våre er nøgde og opplever høg kvalitet i alle ledd av prosessen.
Ta kontakt med oss
Treng du råd eller tips? Vi deler vår ekspertise og gjev deg nyttige råd for å sikre dei beste løysingane for ditt prosjekt. Ta kontakt, så hjelper vi deg i gong!