Glasstypar

Våre glasstypar

Forbedre bygningens estetikk og funksjonalitet med våre spesialtilpassede bygningsglassløsninger, som kombinerer moderne design med optimal energieffektivitet.

Bygningsglass

Visste du att...

🔹 Eit vindaugsglass består av 2- eller 3 lag med glass. I dag er det vanleg med Optitherm™ energispare glass i minst eit av laga. Dette reduserer behovet for oppvarming.

🔹  Det finst to tryggingsglas: herda glas og Optilam™. Termisk brot kan forhindrast ved å bruke herda glas. Optilam™ for å hindre innbrot. Les meir om skilnadene

🔹 Det finst mange ulike glas- og speiltypar som er fine til bruk i interiør. Les meir under Optiwhite™, Optifloat™ Tint og Opal, Ornament og speil.

🔹 Solbeskyttande glass finst i fleire variantar.
Sjå under Suncool™.

🔹 Det finst sjølvrensande glas. Sjå Activ™.

🔹 Visste du at det finst fleire måtar å forbetre lyddempinga i glas? Optiphon™ er éi av dei.

🔹Anti kondensglass kan hindre eller redusere kondensdanning på overflata av glasset.

Klart glass - Pilkington Optifloat™ Clear

Dette er det vanlegaste bygningsglaset. Det er eit klart glas, noko som gir eit klart og uforstyrra gjennomsyn. Det har eit naturleg grønskjær i seg som blir meir tydeleg i tjukkare glas. Det er vanleg på ei side i eit vindaugsglas.

Glaset er tilgjengeleg i 3, 4, 5, 6, 8, 10 og 12 mm som enkeltglas. Som vindaugsglas i 4, 6, 8, 10 og 12 mm, der dei mest brukte er 4 og 6 mm.

Vanlege bruksområde:
🪟 Vindauge og dører
🏠 Fasadar
🚪 Interiørskiljevegger
🛋 Møblar
🔄 Vanleg ved bytte av gamle vindaugsglas til nye, vert oftast brukt på éi side.

Pilkington Optifloat™ Clear kan brukast både som enkeltglas og i kombinasjon med andre glas i eit vindaugsglas. Det kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking, herding og laminering.

🛒 Vi har lagerført 3, 4 og 6 mm. Glass på 8, 10 og 12mm samt vindaugsglas må bestillast på eksakte mål og oppbygging.

Ekstra klart glass - Pilkington Optiwhite™

Dette er eit ekstra klart glas, med lågt jerninnhald og utvikla for å gi maksimal lysgjennomgang og ei nøytral fargegjengiving. I motsetnad til Optifloat™ Clear som har eit grønskjær, er Pilkington Optiwhite™ nesten heilt fargelaust. Dette gjer det til eit ideelt val for applikasjonar der estetikk og lysinnslepp er avgjerande.

Glasset er tilgjengeleg som 4, 6, 8 og 10 mm som enkeltglas og 4, 6 og 8 mm som vindaugsglas.

Optiwhite glasset er også tilgjengelg som Pilkington OptiShower™ - som er eit spesialutvikla glas for dusjløysingar, designa for å tåle fuktige miljø og minimere kalk- og såperestar. Glaset har ei overflatebehandling som gjer det enklare å halde reint og sørgjer for langvarig klarheit og estetikk.

Dette glasset er tilgjengeleg kun som enkelt glass i 8 og 10mm.

Vanlege bruksområde:
🏠 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg
🔲 Glassrekkverk og eksklusive interiørløysingar
🛋 Møblar som bordplater og hyller
🛍 Utstillingsmontre og butikkvindauge
🚿 Dusjveggar

Pilkington Optiwhite™ kan brukast både som enkeltglas og i kombinasjon med andre glas i eit vindaugsglas. Det kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking, herding og laminering.

🛒 Vi har ikkje lagerført denne glasstypen, den må bestillast på eksakte mål. Vi har prøvar i butikken.

Gjennomfarga glass - Pilkington Optifloat™ Tint

Dette er ei serie gjennomfarga glas, tilgjengeleg i fargane Green, Bronze og Grey. Desse glasa er eit godt val for både estetiske og funksjonelle føremål, enten ein ønskjer ein bestemt fargenyanse, redusert refleksjon eller solskjerming. Dei eignar seg for både utvendig og innvendig bruk, inkludert ulike interiørløysingar.

Glasset er tilgjengeleg som 4mm i Green, som 4 og 8mm i Bronze og som 4, 6 og 8mm i Grey -både som enkelt glass og vindaugsglas.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg
🔲 Glasrekkverk og eksklusive interiørløysingar
🪑 Møblar som bordplater og hyller
🚿 Dusjvegger og kontorvegger

Optifloat™ Tint kan brukast både som enkeltglas og i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking, herding og laminering.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål. Vi har prøver i butikken.

Frosta glass - Pilkington Optifloat™ Opal

Pilkington Optifloat™ Opal er eit etsa eller kjemisk behandla glas som gir ei stilrein, mjølkekvit overflate med jamn og mjuk lysgjennomgang, betre kjent som frosta glass. Glaset er ideelt for interiørløysingar som skillevegger, dører, møblar og fasadar, der ein ønskjer privatliv samtidig som naturleg lys slepp gjennom. Det kan også kombinerast med andre funksjonsglas for å forbetre tryggleik, lydisolasjon eller energieffektivitet.

Finst i 4, 6, 8 og 10 mm som enkeltglas og i 4, 6 og 8 mm som vindauglas.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg
🔲 Glasrekkverk
🚪 Interiørløysingar som skillevegger og dører
🪑 Møblar som bordplater og hyller
🚿 Dusjvegger og kontorvegger
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindaugsglas til nye

Pilkington Optifloat™ Opal kan brukast både som enkeltglas og i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking, herding og laminering.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål. Vi har prøve i butikken.

Mønstrede glass - Pilkington Ornament

Dette er en glass-serie dekorative mønsterglass som forener estetikk og funksjonalitet. Med ulike teksturer og design skaper disse glassene et stilfullt uttrykk samtidig som de gir varierende grader av innsynsbeskyttelse. Pilkington Ornament Glass finnes i en rekke mønstre og kan kombineres med andre funksjonsglass, som sikkerhetsglass eller lydisolerende glass, for å forbedre komfort og ytelse.

Følgende ornament gass er tilgjengelig i 4mm som enkelt glass og vindaugsglass: Cotswold™, Belgisk råglass, Listral, og Multifloor. Flutes Reeded er kun tilgjengelig som enkelt glass.

Vanlege bruksområde er:
🪟 Vindauge i bustader og dører
🚪 Interiørløysingar som skillevegger
🪑 Møblar
🚿 Dusjvegger
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindaugsglas til nye

Pilkington Ornament kan brukast både som enkeltglas og i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom polering, herding og i nokre tilfelle laminering.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål. Vi har prøve i butikken.

Energispare glass - Pilkington Optitherm™

Dette er glas utvikla for å forbetre varmeisolasjonen i bygningar. Glassets spesialbelegg reduserer varmetap ved å reflektere innandørs varmestråling tilbake i rommet, samtidig som det slepp inn naturleg dagslys. Belegget er nærare usynleg og gir betre energieffektivitet, og bidrar til lågare oppvarmingskostnader.

Finst som S3 og S1A i 4 og 6mm, der S1A har best isolasjonsevne.

Pilkington Optitherm™ blir ofte brukt i isolerglassruter for både bustader og næringsbygg, samt i fasadeløysingar der god varmeisolasjon er viktig. Det kan også kombinerast med andre funksjonsglas, som solbeskyttelsesglas, for å oppnå optimal komfort og energieffektivitet.

Ein standard 2-lags glas har dette belegget på innsida, medan eit 3-lags glas oftast har det både på utsida og innsida for å oppnå optimal komfort.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg
🔄 Vanleg ved utskifting av gamle vindaugsglas til nye

Pilkington Optitherm™ brukast i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom herding og laminering.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål og oppbygging. Vi har prøve i butikken.

Solbeskyttande glass - Pilkington Suncool™

Dette er ein avansert serie solbeskyttelsesglas med lavemisjonsbelegg, designa for å kombinere effektiv varmeisolasjon med optimal solkontroll. Glasset reduserer solvarmeinnstrålinga, samtidig som det slepp inn naturleg dagslys, noko som bidrar til eit behageleg inneklima og lågare energiforbruk. Serien tilbyr ulike variantar med varierande gradar av solbeskyttelse, lystransmisjon og refleksjon, tilpassa ulike arkitektoniske behov og klimatiske forhold.

Dei vanlegaste typane er Pilkington Suncool™ 70/35 og Pilkington Suncool™ 50/25. Finst i 6 mm enkeltglas og som 8,76 mm laminert glas.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg
🏠 Glasstak
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindaugsglas til nye

Pilkington Suncool™ blir brukt i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom herding og laminering.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål og oppbygging. Vi har prøve i butikken.

Sjølvrensande glass - Pilkington Activ™

Dette er eit innovativt sjølvreinsande glas som nyttar avansert teknologi for å minimere behovet for manuell reingjering. Det har eit spesialutvikla belegg som aktiverer to naturlege prosessar – fotokatalyse og hydrofilitet – for å bryte ned organisk smuss og la regnvatn enkelt skylje det bort. Dette bidrar til å halde overflata rein over tid, samtidig som det sikrar maksimal lysgjennomgang og ein klar utsikt.

For auka funksjonalitet kan Pilkington Activ™ kombinerast med andre spesialglas, som solbeskyttelsesglas eller lavemisjonsglas, for å forbetre både inneklima og energieffektivitet i bygningar.

Glaset finst som 4 og 6 mm.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg med vanskeleg tilkomst
🏠 Glasstak
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindaugsglas til nye

Glaset blir brukt i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom herding og laminering.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål og oppbygging. Vi har prøve i butikken.

Anti-kondensglass - Pilkington Anti-Condensetion™

Dette er eit glas som er designa for å hindre eller redusere kondensdanning på overflaten. Glaset har eit spesial belegg som held temperaturen på glaset nærme romtemperatur, noko som minimerer risikoen for at vanndamp blir til kondens. Anti-kondensglas er spesielt nyttig i miljøer der kondens kan føre til problem, som i drivhus, baderom, kjellarar eller på vindauge i kalde klima. Ved å hindre kondens får ein betre innemiljø og reduserer risikoen for mugg, fuktskader eller korrosjon.

Glaset finst som 4mm.

Vanlege bruksområde er:
🏠 Vindauge i bustader og næringsbygg, spesielt i kalde klima
🌿 Drivhus og planteserier, der fuktighet er eit problem
🚿 Baderom og dusjrom, for å hindre danning av kondens på glasvegger og speglar
🏭 Industri- og lagerbygg der det er høgt luftfuktighetsnivå
🛠️ Kjølerom og fryserom, der det er viktig å halde glasfrie for kondens for å unngå fuktproblem

Glaset blir brukt i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom herding.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål og oppbygging.

Laminerte glass - Pilkington Optilam™

Pilkington Optilam™ er ein serie laminert tryggingsglas som kombinerer styrke, tryggleik og funksjonalitet. Glaset består av to eller fleire lag med glas som er bunde saman med ein eller fleire plastfoliar (PVB – polyvinylbutyral). Denne oppbygginga gir auka beskyttelse mot innbrot og støt, samtidig som han reduserer risikoen for skadar ved knusing, då glasbitane forblir festa til folien. Folien dempar også lyden og filtrerer ut ein betydeleg del av skadelige UV-strålar, noko som bidrar til å beskytte interiør og møblar mot falming.

Finst som 6,38 mm, 8,76 mm, 10,76 mm og 12,76 mm.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg med krav om personsikkerheitsglas eller strengare krav til innbrot
🏠 Glasstak
🔲 Glas i golv
🔲 Glasrekkverk
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindaugsglas til nye

Glaset blir brukt både som enkelt glas og i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking og herding.

🛒 Vi har lagerført laminert klart glas på 6,38 mm. Glass på 8,76, 10,76 og 12,76mm samt vindaugsglas må bestillast på eksakte mål og oppbygging.

Herda glass - Pilkington herdet glass

Gjennom ein avansert varmebehandlingsprosess kan glaset herdast. Dette blir gjort ved at glaset vert varme opp til rundt 600–700°C før det raskt vert avkjølt. Dette skapar ein spenning i materialet som aukar styrken betrakteleg samanlikna med vanleg glas. Sjølv om glaset blir opptil 5 gonger sterkare, kan brudd oppstå. Ved brudd vil glaset fragmenterast i små, ufarlige bitar i staden for store, skarpe skår. For å unngå termisk brudd i glaset, er herda glas det beste alternativet.

Finst i dei fleste storleikar og typar. Les meir under kvar glasstype for å sjå om det kan herdast eller ikkje.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg med krav om personsikkerheitsglas
🔲 Glasrekkverk som laminert glas
🚪 Interiørløysingar som skillevegger, dører
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindauglas til nye
🚿 Dusjvegger og dører
🪑 Møblar

Glaset kan brukast både som enkeltglas og i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking og laminering.

🛒Vi har ikkje denne glastypen på lager, må produserast på eksakte mål og det er ikkje mogleg å gjere endringar etter produksjon.

Lydglass - Pilkington Optiphon™

Pilkington Optiphon™ er eit høykvalitets lydisolerande glas utvikla for å minimere støy og skape eit rolegare og meir behageleg inneklima. Dette spesialglaset kombinerer laminert glas med ein akustisk dempande folie, noko som gir effektiv lydisolasjon utan at det går på bekostning av lysgjennomgang eller tryggleik. Pilkington Optiphon™ kan enkelt kombinerast med andre spesialglas frå Pilkington for å skreddarsy løysingar etter spesifikke behov.

Finst som 6,76, 8,76, 10,76, 12,76 og 16,76 mm som enkeltglas og 6,38, 8,76, 10,76 og 12,76 mm som vindaugsglas.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg i støyutsette område
🏨 Hotell, sjukehus og skular
🚪 Interiørløysingar som skillevegger, dører med ønskje om forbetra arbeidsmiljø
🔄 Kan brukast ved utskifting av gamle vindauglas til nye

Glaset kan brukast både som enkelt laminert glas og i kombinasjon med andre glas i eit vindauge. Kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking og herding.

🛒 Vi har ikkje denne glasstypen på lager, den må bestillast på eksakte mål og oppbygging.

Brannglass - Pilkington Pyro®

Pilkington brannglass er ei serie spesialutvikla glas designa for å gi auka tryggleik ved å hindre spreiing av flammar, røyk og varme i tilfelle brann. Desse glasene blir brukte i brannklassifiserte dører, vegger, fasadar og andre konstruksjonar der det er krav til brannsikring. Desse brannglassene kan kombinerast med andre funksjonsglas, som lydisolerande, tryggings- eller solbeskyttelsesglas, for å skape ei løysing som både ivaretek tryggleik og funksjonalitet.

Pilkington tilbyr fleire typar brannglass, tilpassa ulike tryggleiksbehov:

  • Pilkington Pyrostop® – Eit fleirlaga brannglass som gir både integritet og isolasjon, noko som betyr at det effektivt stoppar flammar, røyk og varmeoverføring.
  • Pilkington Pyrodur® – Eit lettare brannglass som sikrar integritet og gir avgrensa isolasjon, ideelt for område med moderate brannkrav.
  • Pilkington Pyroclear® – Eit brannglass med høg optisk kvalitet, designa for å gi påliteleg brannmotstand over kortare tidsperiodar.

Vanlege bruksområde er:
🏢 Fasadar og vindauge i bustader og næringsbygg med brannkrav
🔄 Kan brukast ved erstatning av eit tilsvarande brannglass.
❌ Kan ikkje montere brannglass som erstatning for eit anna glas, då må vinduet byttast til eit godkjent brannvindauge.

Glaset blir brukt i kombinasjon med andre glas i eitt vindauge. Kan ikkje vidareforedlast.

🛒Det er strenge krav til testing av brannglass og produkt med brannglass 🔥 Det må brukast tilsvarande brannglas ved utskifting.

Speil og smart speil - Pilkington MirroView™

Pilkington speil er av høg kvalitet og kombinerer estetikk, haldbarheit og funksjonalitet. Speila er kjende for høg refleksjonsevne, optisk klarheit og lang levetid. Dei er designa for å skape ein lysare og meir romsleg atmosfære i både private og kommersielle miljø, som heimar, butikkar, hotell og kontorbygg. Pilkington tilbyr også spesialbehandla speil, inkludert Pilkington MirroView™, som kan brukast til skjult teknologi der TV- eller skjermbilete vert vist gjennom speiloverflata.

Følgjande speil er tilgjengelege: Vanleg klart speil finst i 4 og 6 mm. Mirropane Chrome Plus, Mirropane Chrome Plus Grey, MirroView™ Neutral og MirroView™ 50/50 finst i 6 mm.

Vanlege bruksområde er:
🚪 Interiørløysingar og baderom
🏨 Hotell
🏢 Gangarealer og kontor
🛍️ Butikkar og utstillingslokaler
🏋️‍♀️ Treningssenter, dansesalar mm

Speil kan vidareforedlast gjennom polering, holtaking og i nokre tilfelle herding og laminering. Vi har prøver i butikken.

🛒 Vi har lagerført klart speil på 4 mm. Dei andre speiltypane må produserast på eksakte mål.

Polykarbonatplater (Lexan)

Polykarbonat er kjent for si eksepsjonelle slagfastheit og haldbarheit, noko som gjer det ideelt for tryggleiksformål. Materialet er gjennomsiktig som glas og har ein lysgjennomgang på om lag 88 %. Det er også dimensjonsstabilt og varmebestandig, med brukstemperatur opp til 120–130 °C.

Hammerglass er ein type ekstra forsterka polykarbonat som er utvikla for å tole ekstreme påkjenningar. Materialet er 300 gonger sterkare enn vanleg glas, og nesten umogleg å knuse. Det er UV-bestandig, ripefast og krev lite vedlikehald. Hammerglass blir ofte brukt i tryggleiksglas for butikkar, offentlege bygg, maskiner, transportmiddel og som verneløysingar i utsette område.

Vanlege bruksområde er:

Bygg og konstruksjon
🏡 Tak og overbygg (carport, terrasse, inngangsparti)
🪟 Veggplater og fasadar
🌿 Vinterhagar og drivhus

Industri og tryggleik
🛡️ Maskinvern og verneskjermar
🔫 Skotsikre vindauge og tryggleiksskjold

Transport og køyretøy
💡 Lykteglas og lysarmatur

Reklame og informasjon
🪧 Skilt, plakatar og informasjonsflater

Sport og fritid
🥽 Vernebriller, visirar og hjelmar

Plater kan kuttast til etter ønskjeleg mål og fasong, og kan i tillegg vidareforedlast med holtaking, utsparingar eller bøying.

🛒 Vi har lagerført 3, 4, 5 og 6mm. Vi har også litt ornament og 8 og 20mm kanalplater på lager.

Akrylplater (Plexiglass)

Akrylplater, også kjent som pleksiglas, er eit lett og gjennomsiktig plastmateriale som er mykje brukt som alternativ til vanleg glas. Med høg lysgjennomgang, god UV-motstand og eit elegant uttrykk eignar dei seg godt både innandørs og utandørs.

Pleksiglas er stivare og har betre ripefastheit enn polykarbonat. Det gir ein flott, blank overflate som eignar seg godt til skilt, møbel og dekor.

I tillegg til klar versjon finst akrylplater i ulike fargar og utføringar – frå frostet til opal, farga og speilvariantar – som gir mange moglegheiter for kreative og funksjonelle løysingar.

Vanlege bruksområde er:

🪧 Skilt og reklameplater
Perfekt til både innandørs og utandørs bruk på grunn av god UV-motstand og høg klarheit.

🪞 Interiør og møbel
Brukt i hyller, bordplater, romdelarar og dekor på grunn av den glatte, stilreine overflata.

🖼️ Innramming
Eit lett og trygt alternativ til glas i bilde- og kunstinnramming.

🧴 Produktdisplays og butikkinnreiing
Vanleg i utstillingsmontre og diskar der ein ønskjer eit eksklusivt og transparent uttrykk.

🏠 Vindskjermar og overlys
Brukt der ein ønskjer lysinnslepp utan å bruke tungt glas.

🚤 Båtvindauge, campingvindauge og traktordør
Tåler fukt og vêr godt, og er mykje lettare enn tradisjonelt glas. Pleksiglas er meir ripefast enn polykarbonat, men tåler mindre påkjenningar.

🎨 Kreative prosjekt
Enkel å forme og bearbeide – populær blant designarar, arkitektar og DIY-entusiastar.

Plater kan kuttast til etter ønskjeleg mål og fasong, og kan i tillegg vidareforedlast med holtaking, utsparingar eller bøying.

🛒 Vi har lagerført 3, 4, 5 og 6mm. Vi har også litt grønt og blått på lager.

Prosjekt

Uavhengig av om du planlegg eit lite eller stort prosjekt, er glass eit sentralt element som kan endre rom og betre livskvaliteten!

Her viser vi bilete frå ulike oppdrag vi har utført.

Kontakt oss
Kontakt oss

Ta kontakt med oss

Treng du råd eller tips? Vi deler vår ekspertise og gjev deg nyttige råd for å sikre dei beste løysingane for ditt prosjekt. Ta kontakt, så hjelper vi deg i gong!

Takk for din innsending! Vi tar kontakt med deg så fort som mulig.
Noe gikk galt med innsendingen.