Glass-Sikring AS

Salgsbetingelsar

Kontakt oss

Reklamasjonsrett bygningsglass

Termisk brot

Termisk brot har samanheng med temperaturen på overflata av glaset. Det finst ei rekkje årsaker til termisk brot, men dette er dei vanlegaste:

🔹 Slagskyggar
🔹 Tildekking av glaset – til dømes folie eller tilfeldige gjenstandar som isolasjon, puter eller liknande.
🔹 Solskjerming som er montert tett inntil glaset utan tilstrekkeleg avstand, eller som blir brukt feil slik at delar av glaset vert varma opp.
🔹 Varmekjelder nær glaset – til dømes grill, varmeomn, varmluftpistol eller liknande.

Termisk brot gjev ikkje grunnlag for reklamasjon. Termisk brot kan vanlegvis førebyggjast ved å velje eit herda glas på den utsette sida. Eit herda glas vil smuldre saman ved brot. Dersom ein vel eit herda-laminert glas, vil det halde saman sjølv om det sprekk.

Vi tilrår å montere eit herda glas som erstatning ved termisk brot.

Trykkbrot

Ved montering over vindauge, dører eller isolerglas i høgda krevst ein spesiell ventil som sørgjer for trykkutlikning i glaset.
🔹 For 3-lags glas må trykkutlikning utførast ved montering over 800 moh.
🔹 For 2-lags glas må trykkutlikning utførast ved montering over 1000 moh.

Vi tilrår trykkutlikning dersom montering skjer nær desse høgdegrensene. Glas som ikkje blir trykkutlikna kan punktere eller sprekke. Trykkbrot gir ikkje grunnlag for reklamasjon.

Laminatslepp

Om eit glas – til dømes rekkverk, baldakin eller liknande – blir montert utan beskyttelse over kanten, kan vatn trekkje inn mellom glaset og folien i det laminerte glaset som overtid vil misfarge glaset. Dette gjer ikkje grunnlag for reklamasjon.

Punktering

Ved punktering av glas som er montert etter gjeldande forskrifter, gjeld kjøpslova med ein reklamasjonsrett i 5 år.

Reklamasjonsrett produkt

Vindauge, dør, glassrekkverk, vinterhage, dørautomatikk og andre produkt vi forhandlar har alle ulike krav til bruks- og vedlikehold.
🔹 Her gjeld til ei kvar tid den reklamasjonsretten som produsenten opererer med. I mange tilfelle føreset det at vedlikehaldsrettleiinga er følgt. Er du usikker på dette må du ta kontakt med oss.
🔹 For automatikkar vil det vere behov for årleg kontroll eller serviceavtale utført av kvalifisert personell. Om dette ikkje er ivareteke, fell reklamasjonsretten bort. Ta gjerne kontakt med oss, vi utfører service på automatikkar.

I dei fleste tilfelle har ein reklamasjonsrett på fem år, men i nokre tilfelle kan den vere kortare.

Ordrebekreftelse

Kontroller motteken ordrebekrefting nøye – det er denne som til ei kvar tid er gjeldande. Ved avvik må ein straks melde frå, slik at ein rekk å gjere nødvendige endringar. Frist for endringar kan variere frå produsent til produsent. I nokre tilfelle kan endringar etter fastsett frist medføre ekstra kostnader. Glass-Sikring AS er ikkje ansvarleg for feilbestilling dersom ordrebekreftinga er korrekt.

Prosjekt

Uavhengig av om du planlegg eit lite eller stort prosjekt, er glass eit sentralt element som kan endre rom og betre livskvaliteten!

Her viser vi bilete frå ulike oppdrag vi har utført.

Kontakt oss
Kontakt oss

Ta kontakt med oss

Treng du råd eller tips? Vi deler vår ekspertise og gjev deg nyttige råd for å sikre dei beste løysingane for ditt prosjekt. Ta kontakt, så hjelper vi deg i gong!

Takk for din innsending! Vi tar kontakt med deg så fort som mulig.
Noe gikk galt med innsendingen.