Tjeneste

Skifte av isolerglass

Skift til nytt glass i dag – spar energi, auk komforten og få eit betre innemiljø!

Sjå inspirasjons­bilete
Skifte av isolerglass

Glass skifte – Raskt og Trygt hos Oss!

Treng du å skifte glass i heimen, hytta, på kontoret eller andre bygg? Vi hjelper deg!

Enten du har eit sprukke eller punktert glass, eller du berre ynskjer å oppgradere det eksisterande glasset med noko nytt, er vi her for å hjelpe deg. Vi tilbyr profesjonelt glass skifte som sikrar at du får eit resultat med både høg kvalitet og lang levetid.

Vi kan påta oss alle typar glass skifte, enten det gjeld vindauge, dører, tak eller fasadar. Uansett om det er eit lite enkelt glass eller store, tunge glassfelt, har vi utstyret og erfaringa som skal til for å sikre eit trygt og profesjonelt resultat. Vi har eige sugeanlegg og stilas for dei mest krevjande oppdraga.

Vår erfarne handverkarar er klare til å hjelpe deg. I enkelte tilfelle kan vi enkelt skifte frå 2-lag til 3-lag glass, noko som gjev optimal isolasjon og komfort.

Vi foretar gratis befaring og gjev eit uforpliktande tilbod!

Skift ut gamle isolerglass med nye energiglass

Gamle isolerglass kan over tid miste effektiviteten, noko som fører til varmetap og høgare energikostnader. Ved å skifte ut gamle isolerglass med moderne energiglass, kan du både redusere varmetapet og betre inneklimaet i heimen eller på arbeidsplassen.

Energiglass er spesialutvikla for å halde varmen inne og kulda ute, dei har fleire lag med spesialbelegg som effektivt reflekterer varme tilbake inn i rommet. Dette betyr at du kan spare pengar på oppvarming, samtidig som du gjer ein positiv innsats for miljøet ved å redusere energiforbruket.

Fordelar ved å skifte ut gamle isolerglass med nye energiglass:

🔹 Kostnadseffektivt – skifte av isolerglass er ofte rimeligare enn å skifte heile vinduet.
🔹 Betre energieffektivitet – Reduser varmetap og spar pengar på oppvarming.
🔹 Betre isolasjon – Hald på varmen om vinteren og kjøling om sommaren.
🔹 Forbetra inneklima – Unngå trekk og skap ein meir komfortabel atmosfære.
🔹 Auka komfort – Større temperaturkontroll og meir behageleg innemiljø.
🔹 Auka verdi på eigedommen – Moderne glass gjer eigedommen meir attraktiv og energieffektiv ved sal.
🔹 Miljøvennleg – Reduser energiforbruket og bidra til eit grønare miljø.

Vi tilbyr profesjonelt glasbyte med høgkvalitets energiglass som gjev betre isolasjon og bidreg til eit meir energieffektivt bygg. Ta kontakt med oss for å få råd og hjelp med å oppgradere til moderne energiglass!

Sprukke glass

Sprukne glass kan vere både farlege og ubehagelege. Dei kan svekke både sikkerheit og isolasjon i bygget ditt, det er viktig å få dei skifta så raskt som mogleg. Enten det gjeld vindauge, dører eller andre glassflater, kan vi hjelpe deg med å få nye, trygge glass på plass.

Vi tilbyr profesjonell hjelp til å skifte sprukne glass, sånn at du får tilbake både tryggheit og god isolasjon. Våre erfarne handverkarar sørgjer for at arbeidet vert utført raskt og med høg kvalitet.

Biletet viser eit termisk brot.

Termisk brot -Brot­mønsteret er særprega og går alltid om lag 90 grader ut frå kanten før det spreier seg i eit tilfeldig mønster. Ved termisk brot tilrår vi å oppgradere til herda glas.

Gjennom vårt medlemskap i Glassfagkjeden har vi avtale med ei rekkje forsikringsselskap. Dette gjer det enklare for deg når du treng å skifte glas som er sprukne– vi tek oss av prosessen!

Vi samarbeider med:
🔹 Eika Forsikring
🔹 Tryg Forsikring
🔹 If Forsikring
🔹 Gjensidige Forsikring
🔹 Fremtind Forsikring
🔹 Knif Forsikring
🔹 Storebrand Forsikring

Har du fått sprekk i glaset? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg vidare!

Punktert glass

Punktert glass kan oppstå når det dannar seg små lekkasjar mellom glasslaga, noko som kan påverke både komforten og energieffektiviteten i huset ditt. Om du har punktert glass, er det viktig å få det bytta ut for å unngå varmetap og redusert inneklima.

Vi tilbyr rask og profesjonell hjelp med å skifte ut punktert glass, uansett om det gjeld vindauge, terrassedører eller andre glassflater. Vi sørgjer for at du får nytt og tett glass som gjer bygget ditt meir energieffektivt og komfortabelt.

Fordelar ved å skifte ut punkterte glass:
🔹 Redusert kondens – Unngå fuktproblem som kan oppstå i punkterte glass.
🔹 Fritt utsyn – Få tilbake klart og uforstyrra utsyn utan uklarheit frå punkterte glass.
🔹 Auka komfort – Hald rommet meir behageleg året rundt.
🔹 Auka verdi ved salg – Nye og intakte glass kan auke verdi på eigedommen din, noko som gjer det meir attraktiv for kjøparar ved eit eventuelt salg

Ta kontakt med oss for å få punktert glass skifta på ein trygg og effektiv måte!

Les meir om kva glass du kan skifte til her.

Kontakt oss

Sjå inspirasjons­bilete

Bilder kommer snart.
Prosjekt

Uavhengig av om du planlegg eit lite eller stort prosjekt, er glass eit sentralt element som kan endre rom og betre livskvaliteten!

Her viser vi bilete frå ulike oppdrag vi har utført.

Kontakt oss
Kontakt oss

Ta kontakt med oss

Treng du råd eller tips? Vi deler vår ekspertise og gjev deg nyttige råd for å sikre dei beste løysingane for ditt prosjekt. Ta kontakt, så hjelper vi deg i gong!

Takk for din innsending! Vi tar kontakt med deg så fort som mulig.
Noe gikk galt med innsendingen.